Take a fresh look at your lifestyle.

Fødselen

Fødselen startar som oftast med rier og består av tre fasar: opningstid, utdrivingstid og etterbyrdstid. Kor lang tid fødselen vil ta, vil variera frå kvinne til kvinne.

Teikn på at fødselen er i gang

Fødselens start, forløp og korleis kvinner opplever fødselen er veldig individuelt. Det gjeld også for ei kvinne frå hennar første fødsel til andre fødsel.

Dei fleste fødslar startar spontant mellom 37. og 42. svangerskapsveke. Oftast startar fødselen ved at livmora begynner å trekkje seg saman og du får rier, men du kan også oppleve andre teikn på at fødselen snart skal skje.

Når fostervatnet går

Mistenker du at fostervatnet har begynt å lekke, skal du alltid ta kontakt med fødeavdelinga eller jordmor/lege.

Fødselsrier

Fødselsrier er smertefulle samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10. minutt, og som varer i 45-60 sekund.

Riene kjem som oftast med fleire minutts mellomrom og er kortvarige i starten, for så å auke i hyppigheit, varigheit og intensitet. Dei fleste kjenner smerten i nedre del av magen og/eller korsryggen.

Ta kontakt med sjukehuset når du meiner at riene er etablert, eller kjem med ein intervall på ca. kvart 5.-6. minutt.

Har du lang veg til sjukehuset, har fødd raskt tidlegare, hatt komplikasjonar i tidlegare svangerskap eller fødslar, eller du er usikker – ta kontakt når riene startar.

Fødselens ulike stadium

Når fødselen er i gang, gjer fødselsriene at livmorhalsen blir endra, og begynner å trekkje seg til side og gi plass for at barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Fødselskanalen består av:

  • Bekkenet – den beinete delen av fødselskanalen
  • Muskulaturen i bekkenet
  • Skjeden – den mjuke delen av fødselskanalen

Bekkenet er forma som ei trakt, og storleiken er forskjellig i dei ulike nivåa av bekkenet. Dette gjer at barnet må utføre ein del dreiingar og rotasjonar under fødselen for å kunne tilpasse seg og passere gjennom bekkenet.

Tre fasar

Fødselen blir delt inn i tre stadium med opningstid, utdrivingstid og etterbyrdstid. Opningstida er den lengste fasen, medan utdrivingstida varer frå ein halv til ein time – og etterbyrdstida varer frå nokre minutt til opp mot ein time.

Det er fleire faktorar som har betydning for kor lang tid fødselen tar:

  • Om du har fødd tidlegare eller ikkje. Den første fødselen tar oftast lengst tid.
  • Kor ofte og kor effektive riene dine er, kan ha mykje å seie for fødselsarbeidet. Regelmessige og effektive rier er heilt avgjerande for at fødselsprosessen skal gå framover; barnet blir pressa nedover i bekkenet og livmorhalsen/mormunnen opnar seg.
  • Fødselen til ein førstegongsfødande varer frå 4 til 16 timar. Hos fleirgongsfødande vil fødselen oftast vare frå 2 til 11 timar. Dette vil variere frå kvinne til kvinne – frå fødsel til fødsel.

Opningstid

Den første delen av fødselen blir kalla opningsfasen. I denne fasen skal livmorhalsen (mormunnen) trekke seg til sides og opne seg for å gi plass til at barnet kan passere ned i skjeden og bli født.

Opninga på mormunnen går frå å vere lukka til 10 centimeter (full opning). Først når mormunnen er heilt open, kan barnet bli født.

Etter kvart som mormunnen opnar seg, vil det kome ein del blodtilblanda utflod, såkalla teikningsbløding. Dette er eit teikn på at mormunnen blir påverka av riene og presset frå barnehovudet. Fostervatnet kan gå i alle fasar av fødselen, men som oftast skjer dette i den aktive fasen av opningstida.

Latensfasen – første del av opningstida

Den første delen av opningstida, latensfasen, er den lengste fasen av fødselen. Denne fasen startar frå du får regelmessige rier med mindre enn 10 minutts intervall. Riene begynner som oftast med langt intervall mellom kvar ri, og etter kvart aukar dei gradvis i styrke og kjem med kortare intervall. 

Når mormunnen har opna seg til ca. 4-5 centimeter, går fødselen over i den aktive fasen. Riene blir meir effektive og mormunnen opnar seg raskare. 

Undersøkingar

Jordmor kontrollerer framgangen i fødselsprosessen ved å kjenne på magen din korleis riene er. Ved underlivsundersøking kontrollerer jordmora kor stor mormunnopninga er, og korleis barnet står i fødselskanalen. 

Det er ikkje uvanleg å gjere slike undersøkingar fleire gonger i løpet av fødselen, og du vil bli informert om dette undervegs. Du vil også bli orientert om utviklinga og framgangen i fødselsarbeidet. 

Aktivitet og kvile under fødselen 

I opningsfasen av fødselen bør du veksla mellom aktivitet og kvile. Bevegelse og aktivitet hjelper barnet med å rotere og passere gjennom bekkenet. Dei fleste opplever også at riene er mindre smertefulle om dei er i aktivitet, enn om dei ligg roleg i ei seng. Jordmor vil hjelpe deg med å veksle mellom gode kvilestillingar og å vere i aktivitet.

I opningstida er ei av dei viktigaste oppgåvene til jordmor å hjelpe deg med å finne stillingar som bidrar til å få barnet ditt til å kome seg nedover i bekkenet og fødselskanalen. I denne fasen av fødselen vil dei at du bruker tyngdekrafta og er i bevegelse samstundes som du er avslappa i kroppen.

Fødselsarbeid krev mykje energi. Du bør derfor tilføre kroppen energi ved å drikke og ete lette måltid. Du vil få tilbod om mat og drikke.  

Utdrivingsfasen

Kvar ri blir no brukt til å trykke ut barnet. Saman med krafta frå riene, trykker du barnet ri for ri ned i skjeden og ut. Du må finne fødestillingar som gjer at du greier å trykke når du har ri, og kvile mellom riene. 

Det er ofte gunstig å variere mellom ulike fødestillingar i denne fasen av fødselen. Det kan hjelpe barnet å rotere og trenge nedover i bekkenet. Jordmor vil hjelpe deg med å finne fødestillingar som er gode for deg og som er gunstig for framgang i fødselen.  

Jordmor vil fortelje deg korleis du bør trykke i det barnets hovud og kropp blir fødd. Du og jordmor må då samarbeide slik at sjølve fødselen kan skje så varsomt som mogeleg for barnet, og for å skåne vevet ditt og førebygge riftar. Jordmor vil støtte vevet mellom skjeden og endetarm (perineum) når barnets hovud og kropp blir fødd.

Fødselssmerter

Fødselssmerter kjem av at livmora, som er ein stor muskel, trekker seg saman og dette fører til strekk og trykk på musklar, sener og nervar. Smertene endrar seg både i styrke, varigheit og lokalisering i løpet av fødselen. 

I starten er det som oftast nokre minutt mellom kvar ri, mens mot slutten av fødselen kjem riene oftare og er meir smertefulle. Som oftast vil du ha pausar utan smerte, der du kan puste ut og lade opp til neste ri.

Når barnet passerer gjennom fødselskanalen, vil det trykke mot vev og nervar. Mot slutten av fødselen vil trykket frå barnet føre til trykk og spreng i skjeden og mot endetarmen, og dette vil utløyse ein sterk trong til å trykke.

Korleis fødselssmertene blir opplevd er veldig ulikt frå kvinne til kvinne. Kvar kvinne møter fødselen med sine føresetnader, tidlegare opplevingar, erfaringar og kulturelle bakgrunn, noko som kan ha betydning for korleis fødselen og fødselssmerten blir opplevd.

Tilbodet om smertelindring kan variere, og ikkje alle fødeavdelingar kan tilby alle former for smertelindring. Snakk med jordmor eller lege på svangerskapskontrollen om kva tilbod som finst på avdelinga der du skal føde. 

Tang eller vakuum under fødsel

Det kan oppstå situasjonar under fødselen som gjer at legen må hjelpe deg med å få barnet ut ved å bruke vakuum eller fødselstang.

Barnet er fødd – etterbyrdstida

Barnet er fødd, men fødselen er ikkje heilt over enno. Morkaka og fosterhinnene skal også fødast. Vanlegvis skjer dette kort tid etter at barnet er fødd eller innan ca. ein time. Morkaka og fosterhinnene løyser seg då frå livmorveggen og fell ned mot skjeden. 

Når morkaka løyser seg, kan du kjenne ei svak ri og det kan kome litt blod frå skjeden. Når morkaka har løyst seg frå livmorveggen, trykker du ho ut slik du gjorde då barnet skulle fødast. Dette kan vere litt ubehageleg, men er ikkje smertefullt.

Der morkaka var festa i livmorveggen, blir det ei sårflate som gjer at du får ei menstruasjonslignande bløding og at livmora trekk seg saman som ho skal. Etter fødselen må jordmor også undersøke om det har kome rifter i fødselskanalen. Dersom det har oppstått rifter som må bli sydd, vil du få bedøving. Tråden som brukast til å sy med, vil løyse seg opp av seg sjølv og skal ikkje fjernast.

Straks barnet er fødd, får du barnet ditt til deg. Etter fødselen søker barnet raskt etter mor sitt bryst. Det er no viktig at barnet og du, barnefar eller følgeperson får tid til å vere uforstyrra saman. 

Du treng ro til å puste ut etter fødselsarbeidet og den store opplevinga. Barnet treng ro og dykkar fulle merksemd for å finne fram til brystet og sitt første måltid. Dette er ei viktig tid som ikkje bør bli unødvendig forstyrra. 

Etter fødselen

Kor lenge du blir på barselavdelinga etter ein fødsel er individuelt og tilpassa behovet til mor og barn. Etter keisarsnitt, ligg kvinna vanlegvis i 3-4 dagar.  

Jordmor undersøker barnet rett etter fødselen. I løpet av dei første dagane etter fødselen blir barnet undersøkt av barnelege. Då er det fint om ein av foreldra er til stades.

Under barnelegens undersøking kan du kan stille spørsmål og ta opp ting du meiner det er viktig at barnelegen kjenner til. Før heimreise får du informasjon om kor og kven du kan ta kontakt med om du treng rettleiing, råd eller hjelp etter heimkomsten.

Målet for barselomsorga er i størst mogleg grad å leggje denne til rette ut frå den enkelte kvinne, barn og familie sine behov, ressursar og situasjon.    

Kroppen og den første tiden rett etter fødselen

De fleste kvinner har noen kroppslige og følelsesmessige plager, selv etter en normal fødsel. Dette er de vanligste.

Om fødselen ikkje starter av seg sjølv

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42, hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

Kliniske studier for fødsel og barsel

4 kliniske studier er åpne for rekruttering i Norge

Igangsetting av fødselen

Nokon gonger må fødselen bli sett i gang. ​Det er legen som bestemmer kva slags metode som er best å bruke for å framskunde fødselen.

Denne artikkelen vart kopiert frå helsenorge.no 19.11.19. Teksta kan ha vorte oppdatert på helsenorge.no

Comments are closed.