Take a fresh look at your lifestyle.

Eingongsstønad ved heimefødsel

Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.

Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon). Eingongsstønaden er på 2830 kroner. Du kan ikkje få denne stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.

Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.

Send søknad digitalt til Helfo

Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.

Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.

Logg inn på Helfos digitale skjema

Papirskjema

Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut

​«Søknad om engangsstønad ved hjemmefødsel/fødsel utenfor institusjon (05-13.00)» Bokmål | Nynorsk

Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.

Denne artikkelen vart kopiert frå helsenorge.no 24.11.19. Teksta kan ha vorte oppdatert på helsenorge.no

Comments are closed.