Take a fresh look at your lifestyle.

Fleire barn får delta på ferie- og fritidstilbod

Aldri før har så mykje pengar
blitt delt ut til tiltak som skal gi barn og unge gratis ferie- og
fritidstilbod. I år vert rundt 312 millionar kroner delt ut til tiltak som skal
inkludere barn som veks opp i låginntektsfamiliar.

– Mitt viktigaste mål er å sikre ein trygg oppvekst for alle barn. Å delta på ferie- og fritidsaktivitetar er svært viktig for barn og unge for å oppleve meistring, få vennar og vere ein del av fellesskapet. Derfor er eg veldig glad for at vi no kan dele ut desse millionane til supre tiltak som kjem barn over heile landet til gode, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er på om lag 312 millionar kroner i 2019. Nær 140 millionar kroner har alt blitt fordelt direkte til frivillige organisasjonar som får tilskot til aktivitetar til barn og unge. I denne omgang vert dei resterande millionane fordelt til ulike tiltak landet over som har søkt gjennom kommunen. Totalt har 286 kommunar fått tilskot til minst ein søknad, mot 228 kommunar i fjor.

Tilskota går til dømes til fritids- og ferieaktivitetar, utlån av sportsutstyr, stipendordningar og integreringstiltak. Tiltaka vert drive av trygge vaksne som på ulikt vis syt for at barn og ungdom som treng det blir inkludert i aktivitetar saman med andre jamnaldringar.

– Eg hugsar kor mykje det betydde for meg som barn å delta på fritidsaktivitetar. Nokre av mine beste opplevingar frå eigen barndom er frå fotball og ski og eg veit at slike møteplassar kan skape vennskap for resten av livet. For mange er det å vere på ferie saman med andre familiar eit høgdepunkt både for foreldre og barn, seier barne- og familieministeren.

Mange tiltak som får støtte har førebyggjande effekt, til dømes gjennom arbeidstrening eller ved å rette seg mot særleg utsette grupper, som barn med foreldre i fengsel eller familiar med utfordringar knytt til rus eller psykiatri. Fleire av tiltaka fremjer integrering av barn og unge med innvandrarbakgrunn.

Sjå oversikt over alle tildelingane for 2019 på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sine sider.

Regjeringen.no

Comments are closed.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Accept Read More